tangohelg på kulturbakkane, folkestad 30. august - 1. september
Set av siste helga i august! Då vert det tangohelg på KulturBakkane på Folkestad. Her vert dansekurs, milonga, konsert og filmframsyning, og ein får høve til å kjøpe seg noko enkelt å bite i under arrangementet.
Program:
Fredag 30. august:
15.00: Dørene opnar. Det vert tilbod om kjøp av enkel mat og alkoholfri drikke.
17.00: Randi Lise Rønnestad ynskjer velkomen og fortel litt om fiskarbonden på Sunnmøre.
18.00: Kurs i tangodans ved tangodansar Valentina Nieli-Vatne
Laurdag 31. august:
15.00: Dørene opnar. Det ver tilbod om kjøp av enkel mat og alkoholfri drikke.
18.00: Filmframsyning: "El día que me quieras" (Dagen du elskar meg), ein av klassikarane der den legendariske tangosongaren Carlos Gardel har hovudrolla. (Spansk tale, undertekstar på engelsk).
Ca 19.30: Milonga (her vert det levande musikk under milongaen med Øyvind Skatvedt Robak (bandoneón) og Øystein Salhus (fiolin) og det vert innslag med Ungdomstangoorkesteret ved Ørsta kulturskule (for tida det einaste av sitt slag i Noreg).
Sundag 1. september:
15.00: Dørene opnar.
18.00: Konsert med Øyvind Skatvedt Robak (bandoneón) og Øystein Salhus (fiolin). Det vert tilbod om kjøp av enkel mat og alkoholfri drikke.
For å finne fram til KulturBakkane, står det skilta heilt frå rett ved Folkestad ferjekai. Ein køyrer opp til butikken og held fram på venstresida av butikken så er det berre å sjå etter skilt heile vegen opp. Frå ferjekaia er det mellom 2 og 3 km. Om ein ikkje har bil, prøver vi så godt vi kan å fikse skyss (samkøyring ol.).
Billettar kan kjøpast med Vipps eller kontant i døra.
Prisar:
Ein dag: kr 350
Alle dagane: kr 600
Born under 16 år og studentar (mot framvising av studentbevis): Ein dag: kr 150
Alle dagane: kr 250
Billettar kan kjøpast i døra (Vipps eller kontant).
Omvising i husa med historieforteljing må tingast separat på førehand ved å ta kontakt på telefon 90027347. Pris kr 150/75. Ein kan sjå seg omkring på muséet på eiga hand òg, men ting gjerne ei omvising for å høyre den interessante historia om KulturBakkane og dei som har budd der.