Milonga er namnet på ei dansetilstelling der ein dansar tango. Omgrepet vert òg nytta om ein dans og ein musikkstil som er tett knytt til tango. Ordet kan også brukast om sjølve staden der dansetilstellinga er.
I Buenos Aires er tradisjonelle Milongaer prega av streng protokoll. Ein kan ikkje setje seg kvar ein vil, men vert plassert ved eit bord av hovmeisteren. Dei beste dansarane vert gjerne plasserte nær dansegolvet. Man skal i utgangspunktet by opp berre ved hjelp av blikk og små gestar. Berre menn kan by opp og kvinner kan avvise ein invitasjon gjennom rett og slett å ignorere han. Montevideo er kjent for meir "venlege" milongaer og har ikkje like streng protokoll, og dei faste travarane vert ofte nyfikne når dei ser nye fjes på milongaen.
Musikken vert delt opp i grupper (tandas) på 3-4 dansar av same stil, avbrote av ein cortina, eit klart musikalsk brot som signaliserer for dansarane at tandaen er over. Mannen leiar då kvinna tilbake til plassen sin og takkar for dansen.
Meir uformelle øvingsaktige tango-dansetilstelningar vert kalla práctica.
(Henta frå artikkel frå Wikipedia, omsett og tilpassa).