Om oss
Tormenta Tango - Sunnmøre og Nordre Nordfjord har som føremål å samle all tangoaktivitet på Sunnmøre og Nordre Nordfjord i ei foreining. Foreininga har hovudsete i Volda.
Med tangoaktivitet meiner vi aktivitet innanfor argentinsk/uruguayansk tango (Denne typen tango vert blant mange referert til som argentinsk tango, sjølv om argentinsk/uruguayansk er meir korrekt utifrå tangoen sitt opphav og utvikling).
I tillegg vil vi kunne arrangere kurs/konsertar/oppvisingar o.l. innan argentinsk og uruguayansk folkedans/folkemusikk.
Når det gjeld aktivitet, er det snakk om alt innanfor sjangeren, både dans og musikk (+ evt andre uttrykk).
Døme på tangoaktivitet som er innanfor foreininga sitt område er:
Faste dansekurs, helgekurs i dans, konsertar, milonga (tangodansekveldar med/utan levande musikk), hendingar, kurs, konferanse, tangofestival, flashmob, instrumentalkurs/songkurs for å folk som ynskjer å lære å spele/synge tango. Foreininga kan nytte både danseinstruktørar og musikarar som er medlemmer av foreininga og hyre inn folk utanifrå.
Føremål med foreininga er:
Å spreie tangokulturen (ein del av UNESCO si verdsarvliste sidan 2019) i Noreg gjennom dans og musikk.
Å fremje verdien av tango slik som respekt overfor kvinner, høflegheit, god oppførsel, omsut og vern.
Å forklare ikkje berre korleis ein dansar, men også å leve tangoen og føle musikken og teksten.
Å hjelpe med å forstå den djupe meininga ved hjelp av å omsetje songane frå spansk, samt å gje smakebetar på den historiske bakgrunnen til tangoen.
Å framheve likestilling mellom kjønn slik vi også framhevar dei to rollene, leiar og fylgjar, uavhengig av om han eller ho er mann eller dame.
Lære folk korleis ein spelar/syng tango, lære kva rolle dei ulike instrumenta har i ei gruppe eller i eit orkester, samt korleis dei fungerer som soloinstrument.
Lære korleis ein spelar tangomusikk for dei som ynskjer å bli musicalizadores (tango-DJar)
Få fleire og fleire til å nyte å danse tango, spele tango, eller berre høyre på.
Å spreie glede til dei svakare i samfunnet, slik som på omsorgssenter og liknande, men også til ungdom når det er mogleg.
Organisere offentlege hendingar som er opne for alle som vil kome innom og danse.
Å vere ein kanal mellom Noreg og resten av Europa, samt Argentina og Uruguay for å promotere andre tangoarrangement, milongaer og kurs som vert arrangerte i Europa, Argentina og Uruguay og gje informasjon til alle som vil reise med tangoskorne sine. Vi samarbeider med mange andre tangoskular, festivalar og tangoarrangement både i inn- og utland (særleg i Noreg, Italia, Uruguay og Argentina, men også i andre land).