Valentina Nieli-Vatne er ein tangodansar, busett i Stryn. Ho har dansa mange år i Italia før ho kom til Noreg. Saman med Øyvind Skatvedt Robak har ho skipa foreininga Tormenta Tango - Sunnmøre og Nordre Nordfjord som ynskjer å samle alt av ekte argentinsk/uruguayansk tango i éi foreining, slik at det lettare når ut til folk og er med på å byggje opp eit stadig meir levande tangomiljø i regionen.